FRAMSIDA     NYHEITER     KUNDAR     PRODUKT     OM FIRST FLOOR     LINKAR     KONTAKT OSS

 

 

TIPS FRÅ TILSETTE
 
03.09.2003

Kalendaren seier september og hausten er i vente. Sommaren med sol og varme har gjort godt for kropp og sjel. Har du vore flink og rensa huden i sommar? I ferien kan me tillata oss å ta det litt enkelt, men over tid bør ein gjera det til ei rutine. Viss ein rensar morgon og kveld, held ein huden fri for avfallstoff, samtidig som ein gir dag og nattkremar betre mogelgheiter for å jobba maksimalt. I tillegg vil huden heilt sikkert trenga ei god mengd fuktigheit for å få tilbake sin spenst og smidigheit.

 

Gjer vel og bruk ein god fuktigheitskrem etter rens, gjerne med fuktserum eller anna serum, under kremen. Nattkrem tilpassa den enkelt hudtypen gjev merkbare resultat umiddelbart. Som supplement kan nemnast fuktigheitsmaske eit par gonger i veka, den kan og brukast som nattkrem i periodar. Bruk av ansiktsvatn etter rens hindrar huden frå å tørka ut, fordi vatn har høgare PH-verdi enn det huden tåler.

 

Haustens nyheiter og fargar er på plass i butikken. Velkommen.

 
 
24.06.2003

Dersom du brukar vanleg parfyme om sommaren, kan den gi deg pigmentflekkar i huda når du utset deg sjølv for sol. Difor vil eg anbefala deg å kjøpe sommarutgåva av duften. Fleire produsentar tilbyr no ei slik sommarutgåve av duften. Den er utan alkohol og litt mildare. Den etterlet seg ikkje pigmentflekkar på huden, og den kan sprayast på heile kroppen og i håret. På denne måten kan ein få betre effekt og meir lukt sjølv om det er sommar.

 
16.06.2003

Tykkjer du parfymen din er for svak, eller at den ikkje held like lenge som den skal? Då vil eg anbefala å kjøpa body-lotion i samme serien som parfymen du brukar. Ved å bruka body-lotion saman med parfymen, framhevar du duften, samstundes som effekten vil vara lenger.

 
 
9.05.2003

Om du har lyst på ein fin solbrun farge etter vinteren kan du "jukse" litt og bruke solpudder. Dette kan du ha på i tillegg til den vanlege make-up'en din eller bruke pudderet åleine oppå dagkremen. Pudderet legg du på med ein stor kost, då får du eit fint og naturleg resultat. Ynskjer du ein litt meir varig farge kan du også bruke sjølvbruningskrem under solpudderet. Pudderet kan og nyttast til å gi glød på utringing, skuldrer og armar om du skal vera ekstra fin. Kanskje du skal i bryllaup i sommar? Kvar anledning er ei perfekt anledning. Lykke til.

 
 
03.04.2003

Påsken nærmer seg. Forbered huden på brunfarge. Rens av huden morgon og

kveld, det er viktig for å få ein fin og jevn farge. Bruk ein peeling på huden en gang

i veka, den tek vekk døde hudceller. I tillegg fornyar du og gir ny glød til huden.

Det fins alternativ brunfarge. Vi i bransjen merkar at det er stor

interesse for sjølvbruningskremar. Same framgangsmåte: Rens huden morgon/

kveld og bruk peeling ein gang i veka. Ha dagkrem/ bodylotion under, då

oppnår du eit jamnare resultat. Hugs solkrem med faktor, då blir du brun og ikkje

brent. 

 

 

Har du forslag til tips i denne spalten? Ta kontakt.
 

 

COPYRIGHT © 2009 - FIRST FLOOR PARFYMERI                 

WEBDESIGN: KENFRED